Akillesseneruptur, Nordbyhagen
Leggmuskulaturen samles i akillessenen, som fester på hælbeinet. Dette er kroppens tykkeste og sterkeste sene, men senen kan ryke. Avrivning av akillessenen er en akutt skade som kan oppstå i forbindelse med sport eller annen aktivitet som stiller krav til hurtig og kraftig bruk av leggmuskulaturen. God behandling av skaden er viktig for å få tilfredsstillende funksjon i senen igjen.
Henvisning og vurdering
Avrivning av akillessener er en akutt skade som henvises til sykehuset fra den lokale legevakten, og blir behandlet samme dag eller påfølgende dag hvis skaden er skjedd på kveld/natt.
Det er legevakten / legen som henviser pasientene videre til ortopedisk avdeling for behandling.
Utredning
Legen vil stille diagnosen på bakgrunn av sjukehistorie og undersøking. Enkelte gonger kan diagnosen stillast ved første time, medan det andre gonger vil være nødvendig med fleire undersøkingar og vidare oppfølging før ein kan sette ein sikker diagnose.
Behandling
Behandling med gips og ortose
Førsteval er behandling med gips og ortose (stiv «slalomsko») som er tilpassa behandlinga. Dei første to vekene vert foten gipsa i spissfotstilling. I denne perioden kan ein ikkje belaste foten. Det kan være lurt å legge foten høgt når ein sit i ro.
Etter to veker vert ein tatt inn til kontroll der gipsen vert bytta ut med ein ortose. Med ortosen på skal du belaste opp til smertegrensa, men fortsatt bruke krykker for å unngå halting.
Ortosen er bygd opp med kiler i spissfotstilling for at sena skal gro best mogeleg. Kilene vert trappa gradvis nedover i vekene ortosen skal brukast. På denne måten gror akillessena av seg sjølv.
Behandling med operasjon
Det er også mogeleg å behandle denne skaden med operasjon. Då vert det laga eit snitt i huda og ein syr saman sena. Ved operasjon er det ein risiko for blant anna infeksjon og manglande tilheling av såret.
For begge behandlingsmetodane er gips og bruk av ortose i totalt åtte veker ein del av behandlinga. Det er legen som avgjer val av behandlingsmetode. Ved målingar etter 1 år, er det ikkje vist noko skilnad i behandlingsresultata. Dei aller fleste vil oppleve at sena ikkje vert like sterk som før etter ein slik skade.
Forløp
- Veke 0-2 etter skaden: Foten er gipsa i spissfotstilling
- Etter 2 veker: Ortose med tre kiler. Ortosen skal vere på heile tida, både dag og natt.
- Etter 4 veker: Ortose med to kiler. Du kan no sove uten ortosen på. Ortosen skal ellers vere på når du er oppe.
- Etter 6 veker: Ortose med ei kile.
- Etter 7 veker: Ortose uten kiler.
- Etter 8 veker: Kontroll hos lege og fysioterapeut for å avslutte bruken av ortose.
- Etter 8-26 veker: Oppfølging hos ekstern fysioterapeut
Bruk av ortose
Når du tar på ortosen, er det viktig å passe på:
- At du kjem langt nok bak med hælen i ortosen.
- At du strammar godt til med reimene. Det er viktig at du ikkje glir inne i ortosen.
- At du under hele perioden har ortosen PÅ når du står oppreist.
Ved fjerning av kiler, er det ALLTID den nederste kilen som skal fjernast.
Kliniske studier
1 klinisk studie er åpen for rekruttering. Sammen med legen din kan du vurdere om en klinisk studie er aktuell for deg.
Se flere kliniske studierOppfølging
Oppfølginga på sjukehuset skjer over 8 veker med polikliniske kontrollar. Til saman reknar ein omtrent 6 månader rehabiliteringstid etter skaden.
Hygiene
Etter 4 veker kan du dusje utan ortose. Ta av deg ortosen når du sit på ein stol eller krakk, dusj i sittande stilling og tørk deretter foten godt. Ta på ortosen igjen før du reiser deg.
For god hygiene kan det vere lurt å ha på ein tynn strømpe/lang sokk som du kan ha på inne i ortosen.
Øvingar etter avriving av akillessena
NB! Ver merksam på at du aldri skal tøye på sena!
Kontakt
Nordbyhagen
Ortopedisk klinikk
Oppmøtested
Vi utfører behandlinger flere steder. Se innkallingsbrevet ditt for oppmøtested.
