Aortaklaffekirurgi
Hjerteklaffoperasjon
Denne operasjonen blir utført dersom en forsnevring eller en lekkasje i en hjerteklaff truer med å overbelaste hjertet. Den vanligste årsaken er trang hjerteklaff (aortastenose). Da setter vi vanligvis inn en kunstig hjerteklaff. Dersom hjerteklaffen forårsaker lekkasje (aortainsuffiens), kan vi enten erstatte den med en kunstig klaff eller reparere hjerteklaffen (klaffeplastikk).
Før
Les innkallingsbrevet godt. Der er det informasjon om kva medisinar du må slutte med nokre dagar før innlegginga. Desse er nemnt ved medikamentnamn. Det gjeld i hovudsak blodfortynnande medisinar for å redusere blødingsfare ved operasjon.
Førebu deg på om lag ei veke på sjukehus. Ta med medisinar, toalettsaker, klede som ikkje strammar, og stødige innesko/tøflar. Vi anbefaler at du berre tar med deg det mest nødvendige, særleg gjeld dette pengar og verdisaker.
Under
Når du kjem til operasjonsavdelinga, blir du tatt imot av den legen og sjukepleiaren som skal gi narkosen.
Det blir innlagt ein kanyle (lite, tynt plastrøyr) i ei blodåre på handa, og det blir gitt medisinar som gjer at du sovnar.
Når du sovnar, vil anestesipersonalet legge eit røyr ned i luftrøyret. Dette gjer ein fordi du under operasjonen blir tilkopla ei pustemaskin (respirator), som hjelper deg med å puste. I tillegg blir det lagt eit urinkateter inn i urinblæra.
Operasjonen startar med at brystbeinet blir delt i to slik at ein kan brette til side brystbein og ribbein for å komme til hjartet. Under inngrepet er det vanleg at to kirurgar samarbeider. Når inngrepet startar, blir du kopla til hjarte-lungemaskin som blir nøye overvaka mens kirurgane arbeider med hjartet. Deretter opnar ein hovudpulsåra nærmast hjartet og den sjuke aortaklaffen kan bli inspisert. Ved forkalking og forsnevring av klaffen blir den normalt skifta ut mot ein biologisk eller mekanisk aortaklaffeventil. Ved lekkasje kan ein hos visse pasientar reparere den skadde klaffen (klaffeplastikk), men i dei fleste tilfelle må ein skifte ut klaffen. Under den delen av operasjonen der klaffen blir skifta ut, stoppar ein hjartet, og det er hjarte-lungemaskinen som sikrar blodomløpet i kroppen.
Ved slutten av operasjonen legg kirurgen inn ein slange (thoraxdren) for å drenere væske frå operasjonssåret.
Brystbeinet blir lukka med fleire ståltrådar som blir i kroppen etter operasjonen.
Etter operasjonen blir det gjort ei rekke kontrollar før du blir flytt til intensivavdelinga, der du seinare blir vekt.
Operasjonen varer vanlegvis to–tre timar, men dette kan variere.
Etter
Etter at operasjonen er avslutta, blir du flytt til intensivavdelinga, der du blir halde sovande ytterlegare eit par timar. Etter vekking blir du liggande på intensivavdelinga til neste morgon. Då blir blant anna drenet som blei lagt inn under operasjonen, fjerna, og dei fleste pasientane er i fin form til å sitte i stol og ete frukost.
Ein–to dagar etter operasjonen vil du flytte til sengepostens overvakingsrom. I denne perioden vil du vere kopla til ein del utstyr og slangar for at vi blant anna skal kunne observere blodtrykk, hjarterytme, pustefunksjon og væskebalanse. Desse vil bli fjerna to–tre dagar etter inngrepet. Du blir flytt til eit vanleg pasientrom.
Dei fleste pasientane kan flytte til lokalsjukehuset sitt tre–fire dagar etter inngrepet. Totalt opphald på sjukehus er vanlegvis om lag ei veke.
Vær oppmerksom
Kontakt avdelinga om dersom du får nokre av desse plagene:
- tung pust
- bløding i såret
- væske fra såret
- aukande hevelse, raude eller smerte frå såret
- aukande hevelse i eitt eller begge bein
- sjukdomskjensle/nedsett allmenntilstand
- svimmelheit eller svime
- feber
Blir du akutt sjuk, ring 113.
Kontakt
Hovedbygg
Hovedbygg
Hovedbygg
Hovedbygg