Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Conchotomi

Nesemuslingforminsking

Inngrepet kalles conchotomi og det betyr at den nederste av tre folder (concha) i neseveggen mot kinnet blir forminsket for å bedre luftpassasjen og dermed redusere nesetettheten.

Tilstanden kan være medfødt. I mange tilfeller kan du få kronisk slimhinnehevelse på grunn av overforbruk av avsvellende (reseptfrie) nesespray.

Før

Operasjonen vert utførd i lokalanestesi eller narkose. 

Faste

Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse eller utsetje timen.

Dei siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. Barn kan få morsmjølkerstatning inntil 4 timar før operasjon/undersøking, og morsmjølk inntil 3 timar før. Dei siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk, fordi dette kan auke mageinnhald og magesyre.

Fram til 2 timar før operasjon/undersøking kan vaksne drikke klare væsker. Barn kan drikke klare væsker fram til 1 time før. Klare væsker er: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Alle kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før. Du kan pusse tenner og skylje munnen når som helst.

  • Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timar før
  • Klare væsker, tyggegummi, drops, snus og røyk: Skal stoppast 2 timar før
  • Klare væsker, barn: Skal stoppast 1 time før

Dersom du likevel har ete eller drukke utanom de tidene som står her må personalet få vite det. Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk. 

Strengare reglar kan vere naudsynt for nokon. Det får du i så fall beskjed om.

Kva bedøving som vert valde, er individuelt. Dine eventuelle andre sjukdomar vil og vere med å avgjere anestesiform.

Under

Under operasjonen fjernar ein deler av nasemuslingen for å redusere storleiken på den. Det vert då fjerna både slimhinne og det underliggande beinet i muslingen. Du får innlagt ein tampong i nasa for å hindre bløding.

Operasjonen vert utførd dagkirurgisk, og varer i om lag  ein halv time. Du kan difor mest truleg reise heim same dagen som operasjonen er gjort. Du må då nytte offentleg transportmiddel eller få nokon til å hente deg då du ikkje kan føre køyretøy sjølv før 24 timar etter operasjonen.

Dersom det berre er slimhinna i muslingen som skal reduserast i størrelse kan operasjonen utførast med såkalla radiobølgjeutstyr (sjå dette i annan behandlingsinformasjon "Nasemuslingforminsking med radiobølgjeteknikk".

Etter

Du kan ete etter 4 timar. Du bør avstå frå varm mat og drikke første døgnet for å redusere blødingsrisikoen. Du må også avstå frå hardare fysisk aktivitet som kroppsøving i om lag 2 veker.

Det er vanleg med litt blodsiv frå nasen eller bakover i svelget dei 2 første døgna.

Du får kontrolltime på poliklinikken etter 2-4 dagar for å fjerne nasetampongar. Her kan det vere individuelle skilnader i kontrollopplegget.

Det vil ofte tilkomme forbigåande bløding frå nasa etter fjerning av tampongen.

Sjukmelding:
3-7 dagar avhengig av yrke.

Smertestillande:
Etter operasjonen får du smertestillande i form av paracetamol/ paracetamol + kodein (til dømes Pinex Forte) eller anna betennelsesdempande medisin (til dømes Voltaren). Det er vanlegvis lite smerter etter denne typen inngrep.
Saltvasspray / skyljing er rutine dei første vekene etter inngrepet, men først etter at tampongane er fjerna etter om lag 2-3 dagar.

Vær oppmerksom

Der er vanleg å få litt hovudpine og trykk over/ rundt auger og i midtansiktet dei første dagane etter operasjonen. Det er då ofte lindrande å liggje med hovudet høgt.

Om du får feber over 38,5 grader, eller sterke smerter etter operasjonen, skal du kontakte ØNH-poliklinikk for råd.

Kontakt

Ahus Nordbyhagen Øre-nese-hals

Kontakt Øre-nese-hals

Oppmøtested

Sengebygg 1, 1. etasje (S101). 

Inngang 1.

Oversiktskart Nordbyhagen (PDF)

Oversiktsbildet Sykehuset på Nordbyhagen

Ahus Nordbyhagen

Transport

Vi har parkering mot avgift for pasienter, pårørende og besøkende i 1. etasje av parkeringshuset, som ligger cirka fem minutters gange fra hovedinngangen. Gangveien fra parkeringshuset til sykehuset er skiltet. Det er også nærparkering på plassen foran hovedinngangen og Nye nord-bygget.

Mer om parkering

Buss

Bussen stopper like ved hovedbygget. Linje 100, 110, 300, 310 og 385 går til og fra Oslo og Lillestrøm.

Se rutetider på ruter.no eller telefon 22 05 70 70.

Taxi